Påske 2021

Godt fjellfolk! Ei høgtid står for tur, nemlig påske 2021! Norsk Folkehjelp Årdal står i beredskap for deg og dine, med vakt frå Fredag 26.03.2021 (Kl:16:00) til 05.04.2021 (Kl: 13:00).

Varekøyring med snøscooter bestiller ein som vanlig ved å ringe.Hugs å oppgi navn, evt adresse til hytte og parkeringsplass.

Norsk Folkehjelp Årdal telefon: 928 87 784
Sletterust Fjellservice telefon: 975 46 943 / 907 28 210

Tider for varekøyring: 10:00-20:00

Tiltak ved varekøyring med omsyn til Covid-19:
1. Holde 2 meter avstand
2. Ingen passasjer på snøscooter, men passasjer i kjelke er ok.
3. Kunde lastar og lossar varene sine i sleden sjølve.
(Det bør være ein person på parkeringa og ein ved hytte)
4. Kontaktløs betaling – Vipps til #119346 (Norsk Folkehjelp Årdal)

Har du luftvegssymptom, er i ventekarantene / karantene eller er i isolasjon skal dette opplysast om ved bestilling.
Me oppmodar også folk til å halde seg oppdatert på gjeldande regelverk: FHI, Helsenorge og Årdal Kommune.

Samt følje: Fjellvettreglane, veg- og værmeldinga og skredvarsler.
Vonar alle får ein flott påske i ein av Norges vakraste fjellheim!

Norsk Folkehjelp Årdal ønsker alle riktig god påske! 🐥