Norsk Folkehjelp Årdal treng fleire aktive medlemmar framover. Laget har førstehjelp, søk og redning og snøskred som hovudområdet, og har aktivitet heile året. I tillegg har me mykje anna aktivitet som inntektsbringande dugnadar, vedlikehald av utstyr og eigedom, løypestikking og snøscootertransport på fjellet, kurs og øvingar for andre osv. Har du lyst til å høyra meir om vårt arbeid, so er du velkomen i Sjukestova, Tysdag 1. oktober kl. 18.00 (Røtisvegen 29, Øvre Årdal). Som medlem lærer du mykje om førstehjelp og redning, og får vera med i eit sunt og triveleg miljø med mykje aktivitet utandørs.
Når
Kvar
Tirsdag 1. Oktober kl 18.00-20.00
Røtisvegen 29, 6884 Øvre Årdal