Temaplan før Norsk Folkehjelp Årdal haust 2023 Det er lagt opp til ein plan der temaene er kommunikasjon og pasienthandtering. Me har satt opp 2 temakveldar, som vil føre til ein øving. Etter denne øvinga vil me ha ein samlingshelg på Jotnavåken, med fagkurs vinter. Me vil gjerne oppfordre alle til å delta på dette. Manglar du kurs for å vere sertifisert, ta kontakt med Stine eller Kristian i styret. Me vil sette opp eit grunnkurs førstehjelp for nye mannskap, og hjelpe dykk vidare til å bli sertifisert søk og redningsmannskap. I tillegg til denne planen, vil det og vere kveldar med samling, der ein fokuserar på sosialt samvær, personlig utstyr, spørsmål/svar og dugnadsarbeid. Vel møtt!
Dato: 21/11
Stad: Sjukestova (Røtisvegen 29)
Øvingskveld
Øvingskveld med fokus på høstenstema. Øvinga vil vere utandørs. Mannskap tar på seg uniform. Om ein ikkje har uniform, ta på kle ein kan vere utandørs. Ta med hovudlykt.
Dato: Ikkje satt, men i januar eller februar
Stad: Jotnavåken
Samlingshelg med fagkurs vinter
Me reiser heile helga til Jotnavåken. Her har me fagkurs vinter, og har ein sosial samling med festmiddag laurdag kveld. Meir informasjon kjem.
Dato: 04/10 18-21
Stad: Sjukestova (Røtisvegen 29)
Kommunikasjon
Kommunikasjon innad i laget før ein går i teig, medan ein er i teig og debriefing. Kommunikasjon eksternt på nødnett, med pårørande og sambandsreglement. Bruk av nettbrett. Om du har terminal eller nettbrett heime, ta det med. Elles får ein utdelt alt utstyr ein treng på denne kvelden. Alt foregår innandørs.
Dato: 23/10 – 18-21
Stad: Sjukestova (Røtisvegen)
Norsk Folkehjelp Årdal inviterar mannskap som ikkje er godkjent mannskap, til grunnkurs førstehjelp. Her vil me ha eit grunnkurs, og me vil snakke om kva kurs ein må ta for å bli godkjent mannskap. Me vil ta opp alle datoer som kurs blir arrangert i andre lag, og få dykk påmeldt der. Om me klarar, vil me prøve å holde kurs lokalt i Årdal.
Dato: 25/10 18-21
Stad: Sjukestova (Røtisvegen 29)
Pasienthandtering
Overtrakk, bøtvevskader, sjokk, slag og andre typiske skader. Transport av pasient i båre. Temakvelden er innandørs