God Jul

Norsk Folkehjelp Årdal har dei siste åra jobba med å få på plass ein ny redningsbil. Me har ønska oss ein bil med god framkommelighet, og som står klar med nødvendig førstehjelp- og redningsutstyr. Med det vil ein koma enda raskare ut med hjelpa.

I år står endeleg den nye redningsbilen vår klar i beredskap, og den har allereie vore ute på fem aksjonar. Me er godt fornøyd med sluttresultatet og glade for å vera i mål med dette prosjektet.

Å få på plass ein redningsbil med alt utstyr kostar ein god del pengar. Utan den gode støtta frå næringslivet og organisasjonar i Årdal, hadde det ikkje vore muleg å gjennomført dette. Me vil derfor retta ein stor takk til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn Sparebank, Årdal Kraftlag, Agnitio, Sognefjord Havneservice, Impec, Monter Andersen, Olav O. Hæreid AS, Årdal Blikkenslagerservice, Årdalsnett, Øvre Årdal Helselag, Byggern Årdal, HMR Hydeq, Legal Eigedom, Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag, Årdal kjemiske fagforening, Printfarm, Klingenberg Hotell, Norconsult og Interoptik Årdal.Dette er stønad som vil koma innbyggjarane i Årdal tilgode, og dei som elles ferdast i områda vore.

Norsk Folkehjelp Årdal vil samtidig ønskja alle saman ei riktig god jul og eit godt nyttår.